Bernt Gautestad gir seg etter 30 år i tenesta:
Naboen overtar byrået
-Det er godt å kunne slå av vakttelefonen, men det blir også litt rart, for eg har levd så intenst med dette. Det har vore ein livsstil, seier Bernt Gautestad på Evje. I desse dagar har han kvitta seg me det daglege ansvaret for Gautestad Gravferdsbyrå. Han har selt namn og rettar til kollegaen rett over gata, Evje og Vennesla Begravelsesbyrå.
TEKST OG FOTO: SIGURD HAUGSGJERD
-Det kjennest merkeleg, for eg har levd så tett med dette arbeidet. Mange av oppdraga har omfatta nære vener og kjenningar der eg har vore den fyrste som familiane har tatt kontakt med. No må eg lese om dei i avisa, seier Bernt Gautestad.
Sjølv er han som 73-åring innstilt på å halde fram som forhandlar av gravsteinar og drive det vedlikehaldet som følgjer med dette. Det er då også ei verksemd som er mest knytta til sommarhalvåret.
Rune Dale som har overtatt som eineeigar i Evje og Vennesla Begravelssesbyrå har altså nå overtatt heile den funksjonen som gravferdsbyrå som Bernt Gautestad har hatt.
– Eg kjenner trong til å takke så mange, seier Bernt Gautestad. Han fortel kor glad han vart for å treffe så mange gilde menneske då han for 30 år sidan tok til i den svært spesielle jobben i gravferds-byrået som broren Arild hadde starta.
Bygde traktorvegar
-Eg var bonde med kreatur, og eg dreiv med gravemaskinsarbeid og bygde traktorvegar i distriktet då eg måtte inn i den nye verksemda for å hjelpe bror min. Det var ein voldsom overgang. I ettertid meiner eg at det gjekk så tolleg fyrst og fremst takka vere så mange gilde menneske som eg møtte, seier han.
Sjølv er han som 73-åring innstilt på å halde fram som forhandlar av gravsteinar og drive det vedlikehaldet som følgjer med dette.
Bernt Gautestad (t.v.) føler seg trygg på at gravferdstenestene er i dei beste hender her i distriktet når Rune Dale i Evje og Vennesla Begravelsesbyrå no har overtatt for Gautestad Gravferdsbyrå.
Over 2.000 gravferder har det blitt, frå dei mest tragiske til det heilt naturlege når alderen nærmar seg 100 og jobben er gjort, som han seier. Han har site på bakerste benk og høyrt prestens tale gong på gong.
– Av og til trur eg nok at ein og annan blant dei frammøtte kan tenkje: Kva vil han seie om meg den dagen det er min tur?
Møtte folk på det ærlegaste
Bernt Gautestad har framstått som ein roleg og stødig seremonimeister sjølv i dei tyngste stunder, men han takkar dei pårørande for hjelp til å greie det.
– Eg blir audmjuk når eg tenkjer på korleis eg vart motteken i heimar og i familiar som eg måtte banke på hos. I ein slik jobb møter du folk på det aller ærlegaste. Her var ikkje lenger masker. Folk som opplevde at nokon av deira næraste hadde gått bort, kunne straks ringe meg og be meg kome. Då eg møtte opp, let dei gråten og tårene kome, fritt for tanke om å behalde maska, slik me menneske gjerne er opptekne av i det daglege. Difor vart denne jobben så spesiell, seier Bernt Gautestad.
I mest kvart einaste hus i Bygland
Kvar gravferd var også spesiell. I ettertid tenkte han mest på om han hadde fått gjort sitt beste for dei det galdt.
– Den tanken var det som gnog meg mest etter kvart einaste oppdrag. Eg følte nesten alltid at eg kunne ha gjort noko endå litt betre, seier han. Bernt Gautestad hadde dei fleste oppdraga i Evje og Hornnes og ikkje minst i Bygland der han meiner at han mest har vore innom i kvart einaste hus.