Sorg:

– Det finst ingen snarveg. Det er eit indre arbeid som må gjerast

Sosionom Knut Andersen er overtydd om at det går an å få eit godt liv igjen, også etter eit stort tap. No deler han erfaringane frå sitt sorgstøttearbeid med andre.

Tekst og foto: Silje Pileberg. Artikkel har tidlegare blitt publisert i Suicidologi nr 3/2021.

Ein familie som kom for å få sorgstøtte, hadde mista eit familiemedlem i sjølvmord. Dei fortalde at dei ikkje orka den tomme stolen rundt bordet heime. Dei hadde prøvd å flytte litt på sine eigne plassar, men det hjelpte ikkje.

– Det nye livet utan den du var glad i, er veldig krevjande. Det er så mange ting du må finne ut av, seier sosionom Knut Andersen. I 16 år har han jobba ved Seksjon Sorgstøtte ved Akershus universitetssykehus. Alle som kjem hit, har mista nokon dei var glade i.
 
– For det første må du våge å nærme deg dødsfallet og vedkjenne kor vanskeleg det er. For det andre må du finne ut korleis du kan leve vidare utan den personen. Er du i sorg, må du vere villig til å pendle mellom desse to prosessane.
 
Eit rundt bord
Familien med den tomme stolen fann løysinga sjølve: Dei kjøpte eit nytt, rundt bord. Slik vart ikkje den tomme plassen så synleg lenger. Ei praktisk lita løysing gjorde kvardagen litt lettare.
 
Til seksjonen kjem det enkeltpersonar og familiar som har mista kjære av ulike dødsårsaker. Dette er eitt av to sorgstøtteseksjonar i Noreg som er knytte til eit sjukehus, begge er i Oslo-området. Dei som kjem hit, har blitt tilviste frå fastlege.
 
Under covid-19 har Andersen halde fleire webinar der folk frå heile landet har vore med.
 
– Nokon etterlatne er fortvila og skulle så gjerne ønske dei hadde eit slikt tilbod der dei bur, fortel han.

Kva erfaringar har han gjort seg etter mange års arbeid? Kva råd kan han gje andre terapeutar? Og kva skilnader ser han på sorga etter eit sjølvmord og andre tap?

Ei piggete kule
Andersen har erfart at kvart menneske, og kvar sorgsituasjon, er unik. Det finst likevel ein del fellestrekk, og det finst måtar å hjelpe på.

Han teiknar nesten alltid opp toprosessmodellen for dei som kjem til seksjonen. Denne vektlegg både tankar og kjensler rundt sjølve tapet og dei forandringane i livssituasjon tapet fører med seg.

– I byrjinga, når sorga er veldig sterk, er det ubehageleg å tenkje på den som er død. Det kan ta tid før ein tør å hente fram alle nyansane, som dei gode minna.

Andersen viser til eit kinesisk visdomsord: Etter eit dødsfall får du ei piggete kule inni deg. Kvar gong du tenkjer på den døde, går kula rundt. Gradvis slipast ho ned.

– Ein del av jobben vår er å hjelpe dei etterlatne til å våge å nærme seg dødsfallet. Dei fleste treng å sørgje viss dei skal kome vidare. Ein må ikkje vere for rask med å snakke om løysingar eller positive erfaringar. Endringar i identitet Samtidig fører eit dødsfall til ein endra livssituasjon for dei som står att. Det kan vere den tomme plassen rundt bordet, eller det kan vere endringar i eigen identitet.

– Ei kvinne spurte kven som ville vere saman med henne no, når ho var mor til to barn og enke etter eit sjølvmord. Og om du er ein forelder som har mista eit barn, kven er du da? Kanskje var det ditt einaste barn, som du hadde streva heile livet med å hjelpe. For nokon er omveltingane valdsame.

Etter eit sjølvmord kan identitetsspørsmåla vere ekstra vonde, meiner han.

– Då får du skamma og skulda i tillegg. Du spør deg om du kunne gjort noko annleis. Kva viss, kva viss. Du spør deg kven du er som mamma, kjæraste, son eller dotter når du ikkje såg dette, når du ikkje klarte å hindre det.

Pakke opp skamma
Dei same tankane kan kome etter andre typar dødsfall, som etter ei ulykke som du tenkjer at du burde hindra, legg han til.

– Vi må hjelpe til med å pakke opp kjensler som skuld og skam. Mange snakkar ikkje om det. Den lettaste måten å kome fram til skam, er ofte gjennom skuld. Denne kan det vere litt enklare å snakke om.

Det sentrale i toprosessmodellen er å klare å pendle mellom to prosessar: å vedkjenne tapet og å skyve det litt unna og tenkje på deg sjølv.

– Nokon får dårleg samvit for at dei er glade. Kanskje kjenner dei på ein letnad, òg, og skammar seg for det. Men vi må nyte kvart minutt som er godt.

Skuld over å leve
Mange kjenner skuldkjensle berre over å vere i live. I ei sorggruppe for besteforeldre, tanter og onklar, reiste ein bestefar seg opp bak stolen sin og sa: «Eg har aldri sagt det til nokon, men dette her er jo heilt feil. Det var eg som skulle døy neste gong. Alle veit det.»

Han gret. Barnebarnet hans hadde tatt livet sitt.

– Eg spurte dei andre i gruppa om nokon kjente seg att. Då sa dei at dei kjende det slik, dei også. Overlevingsskuld og eksistensiell skuld er veldig vanleg.

Nokon strevar resten av livet. Det er berre ei tung suppe. Men det er mogleg å byggje livet sitt veldig solid på eit tap, også på ei sjølvmordserfaring. Det er eg sikker på. Viss ikkje hadde eg slutta i jobben, seier Knut Andersen ved Seksjon Sorgstøtte på Ahus.

Stille og openheit
Menneske kommuniserer om sorg på ulikt vis. Nyleg ringde ein ung mann og ønskte å kome til seksjonen for å få litt informasjon, utan tilvising frå lege. Då han kom, hadde han med mor si. Dei sette seg i kvar si side av sofaen og guten spurte:

«Korleis kan eg stole på deg, mamma?»

Faren hadde døydd då han var sju år. Mora hadde sagt at hjartet stoppa. Men på dei tretten åra som var gått etterpå, hadde ho aldri sagt heile sanninga: at faren tok livet sitt. Så hadde han plutseleg fått vite det på ein fest.

Ein annan familie hadde også mista faren i sjølvmord. Knut Andersen bøygde seg ned til den sju år gamle jenta med blinkesko på føtene. Ho såg rett på han og sa: «Eg veit kvifor vi er her. Pappa tok eit tau rundt halsen så han ikkje fekk puste. Det skal vi snakke om.»

– Denne familien fortalde ope om pappaen sin, om kor vanskeleg det hadde vore da han var sjuk, men også om kor sterk han var. Dei meinte at viss det fanst ein premie for kor høgt foreldre kunne kaste barna sine, ville faren ha vunne den.

Den trygge vaksne
Andersen har også opplevd etterlatne etter sjølvmord plutseleg stå i gangen. Kanskje tok ektefellen livet sitt dagen før, og ein veit ikkje kva ein skal seie til borna.

– I eit tilknytingsperspektiv er det best at den vaksne nærkontakten fortel mest mogleg, og først. Då kan tilknytinga halde fram med å vakse. Barnet vil tenke at den vaksne er trygg fordi han fortel sanninga.

I motsett fall kan det skje, som i tilfellet over, at barnet eller ungdomen får vite sanninga av nokon andre.

– Då er det fort gjort å spørje seg kva andre ting mor ikkje snakkar sant om.

Kollasj og sorgsalat
Terapeutane ved seksjonen nyttar ulike instrument i møte med dei etterlatne. Til dømes har dei spesiallaga bilete som dei ser på saman. Her er det kvardagsting som skyggeluer, verktøy og sjokolade, men også sjukesjukehussenger og medisinar.

Terapeutane kan setje seg ned saman med eit barn og spørje om dei vil vere med å klippe ut bilete og setje saman sin eigen kollasj. Ofte ser barnet noko som minner dei om den døde, og praten kjem i gang.

Eit anna instrument kallast sorgsalat. Då legg terapeuten ut mange kort med ord på.

– Mange, særleg barn og unge, veit ikkje kva dei skal seie. Dei er ordlause. Å miste nokon er som å kome til ein ny stad der dei aldri har vore før. Då må vi hjelpe dei å lage historiene om dødsfallet, seier Andersen.

Det multiple
Alle må skape si eiga historie, forklarer han. Kven var mamma, pappa, bror eller søster for dei?

– Vi må få fram det multiple. I dei tilfella der nokon har tatt livet sitt, er det ikkje slik at alt berre har vore vanskeleg. Dei fleste har hatt mange fine opplevingar saman med den som er død.

Han understrekar kor viktig det er med ein god relasjon mellom terapeut og den etterlatne.

Som terapeut har han gråte mange tårer, meir no enn før. I nokon tilfelle er dette heilt naturleg. I andre tilfelle har folk fått nok av sorg og elende og orkar ikkje ein trist terapeut.

– Vi bruker å snakke om det. Det kan vere som å slå av ein brytar. For dei skal sleppe å tenkje på mine reaksjonar i tillegg til sine eigne.

Tenkjer breitt
Ved seksjonen jobbar det personar frå ulike yrkesgrupper, alle med spesialisering i sorgterapi. Tilbodet til dei som kjem, er breitt: Hit kjem både folk åleine og i grupper. Familiar kan komme saman. Barn kan ta med venner eller andre dei ønskjer skal vere der.

Det er også rom for besteforeldre, tanter og onklar, lærarar og andre i nettverket. Ofte kjem desse på eigne samlingar. For eksempel kan lærar og barnehagetilsette kome saman.

– Eg er stolt av at vi tenkjer breitt. Viss vi er med å gje ei forståing til dei som står rundt, blir det mykje lettare for dei aller nærmaste å stå i sorga, meiner Andersen.

Dessutan kan også desse trenge nokon å snakke med. Når tanter, onklar og bestefor-eldre samlast etter eit dødsfall, kan dei kjenne seg friare til å lufte eigne frustrasjonar enn når dei er saman med dei aller nærmaste.

– Då kan dei seie: «Eg orkar ikkje meir! No har eg vore barnevakt kvar helg, etter at sonen min tok livet sitt!» Eller: «No får vi ikkje passe barna eingong, for mor har blitt så redd for dei». Vi har veldig fine samlingar.

Gjenkjenning
Andersen løftar også fram seksjonens gruppeterapi-tilbod. Sjukehuset har eit stort dekningsområde, og terapeutane kan setje saman nokså homogene grupper. Viss det er nok deltakarar, kan dette til dømes vere grupper for dei som har mista ein partner i sjølvmord.

– Eg har stor tru på grupper. Eit råd frå ein annan sørgjande kan vere noko heilt anna enn eit råd frå ein terapeut. I tillegg forstår du at andre strevar med det same som deg. 

Til dømes kan etterlatne etter sjølvmord føle seg litt annleis, men når dei møter seks-sju andre i same situasjon, kjenner dei seg normale igjen.

I gruppeterapi spør han ofte dei andre i gruppa om dei kjenner seg att i det éin person har fortalt.

– Men eg må også spørje om nokon har heilt andre erfaringar. Viss ikkje blir gruppa for trong.

Frå tung suppe til betong
Andersen meiner at vi alltid vil bere med oss eit tap vidare i livet. Ofte vil det påverke identiteten vår og måten vi ser på oss sjølve på. I jobben sin prøver han å få ting fram i lyset. Er etterlatne bevisste på dei prosessane som føregår inni dei, vil dei få eit handlingsrom der dei kan bearbeide tapet, meiner han.

– Dei som kjem til oss, har ofte snakka veldig lite om det som har hendt. Sorga er som sement som ikkje er størkna; det er tungt å bevege seg i.

Men viss massen får nok luft og lys, vil betongen sakte størkne. Då kan han med tida bli svært solid, meiner han.

– Nokon strevar resten av livet. Det er berre ei tung suppe. Men det er mogleg å byggje livet sitt veldig solid på eit tap, også på ei sjølvmordserfaring. Det er eg sikker på. Viss ikkje hadde eg slutta i jobben, seier han.

Han opplever at mange som kjem, har ein ekte entusiasme for at livet deira skal bli betre.

– Men det finst ingen snarveg. Det heiter alltid «gjennom», ikkje «over», «rundt» eller «under». Det er eit indre arbeid som må gjerast.