Ikkje døy som ein prektig tørrpinn

MINNEORD: Kvart år dør tusenvis av eiegode og makelause menneske. Kor ofte dør ekte menneske med brokete liv og mangelfull merittliste? Og når skal heimeverande, trygda og deltidstilsette for alvor starta å døy i norske aviser?

Komikeren Per Inge Torkelsen døde i sommer. Han trakta nok ikkje etter heltedyrking, men ville nok helst bli huska for at han var eit levande og allsidig menneske (Foto: Alf Bergin)

Saken sto først i Stavanger Aftenblad Heidi Hjorteland Wigestrand

I 2013 gjekk minneordet om Eva Haddeland viralt.Det handla om ei 88 år gamal kvinne som budde heile livet sitt i same blokk på Torshov i Oslo. Det var nok ikkje tilfeldig at teksten om Eva tok fyr i sosiale medium, blant kjendismetta
lesarar, som saug til seg det vakre i det alminnelege vesle livet.

Det er godt å lesa minneord utan forslitte fraser, og som løftar fram dei som går stille blant oss. Slik enkemann Øyvind Sirevaag frå Stavanger nyleg gjorde då han skildra si avdøde kone, husmora Britt Kari Sirevaag.

Liv utan glasur
«Hun var sin egen oldfrue. Ikke husøkonom, men noe mer jordnært. Hver krok fikk besøk av hennes vaskekost eller støvsugermunnstykke minst en gang i uken. Hver dag sitt rom eller sin trapp.». Eit godt, nært og ekte minneord tilfører alle som les det noko, ikkje berre dei som kjende eller visste om avdøde. Enkemannen lesser ikkje glasur over dagane. Kona som kom frå Bergen, følte seg som ei plante som var rykka opp med rota. Minneordet endar slik: «Her ligger også min dårlige samvittighet overfor denne fabelaktige kvinnen som jeg skulle ha feiret gullbryllup med om 6 uker».

Overstrøymande minneord er til å bli flau av. Det er ofte ikkje grenser for kor makelause me blir når me døyr. Sjølv ikkje når dei som døydde eigentleg var lunefulle grinebitarar, eller høgst middelmåtige i det dei gjorde, både privat og på jobb. Då er det betre å skriva slik som det blei gjort om den tyske kirurgen Johann von Dumreicher. Han var dyktig i dei elementære delane av faget, men: «Hans Begavelse var imidlertid ikke fremragende, hvorfor hans Ry ogsaa stadig blev stillet i Skyggen af hans Kolleger.»

 

Enno er det slik at du helst skal ha prestert i yrkeslivet for at nokon skal ta seg bryet med å skriva eit minneord om deg. Men altfor ofte er desse minneorda ei tørr liste av merittar og ei opphoping av klisjear som skjuler meir enn det avdekker. Språket er som den omtalte. Stein dødt. Å skriva sant om eit menneske, er å visa det respekt. Å skjønnmala eit menneske, er det motsette. Det må vera betre å døy utan minneord, enn med eit pinleg panegyrisk eit.

Norges blasse nekrologtradisjon blir ofte samanlikna med Storbritannias skarpe og hardtslåande. Dit trur eg ikkje me treng komma, men kunsten å skriva sannare utan å såra, bør i større grad dyrkast fram. Det bør heller ikkje vera noko i vegen for å skriva i det minste frekkmuntert dersom personlegdomen og posisjonen til den døde kler det. Eg trur dei pårørande toler meir enn me trur dersom minneordet er skrive med kjærleik, kløkt og klokskap.

Rosenraud persondyrking
Per Inge Torkelsens død sette i gong ein slik diskusjon, etter nokre minneord i nasegrus beundring som meinte mannen overgjekk røynda, halte Christian Paaske komikaren ned frå skyene. Han meinte Torkelsen var eit meir samansett menneske enn det som kom fram i minneorda, og gjekk ut frå at han helst vil bli hugsa for at han var eit levande og allsidig menneske, og ikkje trakta etter ei slik heltedyrking. Nekrologen er den siste håven til å fanga desse sjeldne sommarfuglane før dei blir gløymde under jord og lauv.

I England og USA har somme aviser faste skribentar som skriv minneord. Her er det helst vener og kollegaer som sender minneord til avisene, men også meir urøynde skribentar trur eg kan heva sjangeren fleire hakk. Gå gjerne inn på Aftenpostens nettside som gir mange matnyttige råd om korleis du skriv godt om ein som er død.

AUGUSTE RODIN – TENKEREN I Brüssel er ei av Rodins mest kjente skulpturer, Tenkeren. På baksida finn ein inskripsjonen der mannen i huset blir skrive med store bokstaver, mens kona kun blir nemnt med «og hans kone». (Foto: Alf Bergin)

Aftenposten har vald å satsa ekstra på sjangeren etter at dei i fjor merka at folk sende inn endå fleire nekrologar enn vanleg, fordi det var få som fekk gå i gravferder på grunn av pandemien. No ønsker avisa at langt fleire menneske utan flotte verv og titlar også får minneord.

Nekrologane er ei lett tilgjengeleg kjelde for historikarar og andre til å finne informasjon om ein tidsepoke. Kvar og ein som kjenner seg kalla bør nytta høvet til å skriva om menneske som har levd i skuggen av dei såkalla samfunnsstøttene. Bruk minneordet til å løfta dei som ikkje har stort anna enn livets harde skule på CV-en. La dei få sine 15 sekund post mortem, i det minste.

Skriv om vaskekona Gunda som alltid var heime med sjuke barn og difor eigentleg hadde æra for at Torleif i sitt minneord blei heidra fordi han aldri hadde hatt ein sjukedag i sine 50 år som kontorsjef. Ta tastatur eller pennen fatt og skriv om ein død nabo eller ein ven, gjerne ein utan stort nettverk, som du meiner omverda bør få vita litt om.

 

 

Folk vil lesa om folk
Krydra gjerne minneorda med humor og lune anekdotar, sjarmerande særtrekk og talande episodar som hevar teksten frå den grå pappmasjeen som elles blir publisert. Kor er alle folka som ikkje er på Insta, Twitter eller Proff, som ikkje sit i interkommunale styre, som ikkje står på krava, berre på Gule sider. Nekrologen er den siste håven til å fanga desse sjeldne sommarfuglane før dei blir gløymde under jord og lauv.

Folk vil lesa om folk. Me vil lesa om Britt Kari, Olga og Bertil. Olga som tolmodig svarte alle dei som tigga etter pengar via byens siste fasttelefon, ho som hadde blomstrete deksel over platene på komfyren. Me vil lesa om Bertil som gjekk langs kaiane og nynna, som aldri brukte meir enn første og andre gir på bilen, men som kjende alle verteikna, og kunne finna vatn med ein kleshengar.

«Det bør ikkje vera noko i vegen for å skriva i det minste frekkmuntert dersom personlegdomen og posisjonen til den døde kler det. Eg trur dei pårørande toler meir enn me trur dersom minneordet er skrive med kjærleik kløkt og klokskap.»

DØDSANNONSEN TIL OLE SEVERIN RIMESTAD hadde ein undertone, der pårørande ynskte velkommen til å plante rotvekstar på grava hans.
(Faksimile: Stavanger Aftenblad)

 

GRAVA TIL OLE SEVERIN RIMESTAD. Ingen rotvekstar, men pynta med isbegonia.